logo
Menneske, del 1     
Designelement
Bestill Framside Introduksjon Om oss Om OmegaNor 1515 Omega-3 - Generell informasjon Samanlikning av Omega-3 produkt Tilstander Omega-3 versus
Omega-6
Produktinfo Krav til
Omega-3
Referanser
Designelement

Designelement
OmegaNor
Postboks 17
6001 Ålesund

post@omeganor.no
www.omeganor.no

Fax: 70 10 43 53
Tlf: 70 10 76 21
Designelement
Designelement

Introduksjon

Helsa vår er avhengig av livsstilen vår, mellom anna trening og kosthald.

Organismen treng eit variert og fullstendig kosthald for vedlikehald og utvikling. Mellom dei essensielle næringsstoffa er Omega- 3, med dei fleirumetta feittsyrene EPA og DHA.

Som eit eksempel kan ein nemne at DHA er heilt nødvendig for ei normal / optimal utvikling av hjerne/nervesystemet, og at EPA/DHA inngår i alle celler i kroppen som viktige byggesteinar..

Gjennom dei siste 20-åra er det gjort omfattande studiar på kva verknad Omega-3 fleirumetta feittsyrer har på den menneskelege organisme, og det er publisert meir enn 18000 omfattande rapportar som dokumenterar at Omega-3 spelar ei avgjerande rolle for organismen vår.

OmegaNor AS har på bakgrunn av inngåande kunnskap og dokumentasjon frå desse ca 18000 rapportar frå forskingssenter over heile verda, produsert ein fiskeolje av framifrå kvalitet, truleg av dei beste som er på marknaden, med høg konsentrasjon av dei essensielle feittsyrene EPA og DHA frå omega-3.

For å få fram olje av den kvaliteten vi ønskjer, har denne gått gjennom ein omfattande prosess der skadelege miljøgifter som dioxinar, PCB, tungmetall o.l. har blitt fjerna. Vår olje fyller dermed krava til norske og europeiske helsestyresmakter.

Mangelfull reinsing fører til at dei som bruker oljar av dårleg kvalitet, kan få i seg skadelege miljøgifter. Desse vil på lang sikt gi negativ verknad på helsa vår. Mellom anna er det særleg viktig for unge menneske å unngå slike oljar. Dette tek OmegaNor AS særleg omsyn til.

Vår olje har gått gjennom følgjande prosessar:

  • molekylærdestillering
  • filtrering
  • tilsetting av stabilisator i form av antioksydant (tokoferoler = Vit. E)
  • tilsett aromastoff som gir ein behageleg og frisk smak.

Dette gir ein olje som er svært rein, utan miljøgifter, som er stabil med svært liten tendens til oksidering.



    
Designelement Oljen er produsert og distribuert av OmegaNor AS, Postboks 17, 6001 Ålesund
Menneske, del 2 Menneske, del 3
Oversikt over utsalgssteder. Klikk for info.
Designelement
Design by Knutsen Info