OmegaNor, ei naturleg kjelde til helse og yting
Omega–3 har positiv verknad på mange biologiske system i kroppen vår. Den spelar mellom anna ei rolle i immunforsvar, blodplater og som byggesteinar i alle cellemembranar.
Omega-3 er nødvendig for produksjon av viktige signal-molekyl og veksthormon. I tillegg spelar den ei rolle som forstadium til vitamin D.
Omega-3 er eit essensielt næringsmiddel, som vi må tilføre kroppen vår. Beste Omega-3 kjelde er feit fisk eller høgkvalitets fiskeolje frå feite fiskeslag.
Mangel på Omega-3 aukar risikoen for ei rekke sjukdomar.
Eit tilstrekkeleg tilskot av Omega-3 i kosthaldet vårt er difor svært viktig for vitalitet og god helse.
Feitt er det mest energitette næringsstoffet. Det er viktig for lagring og transport av energi, isolasjon og mekanisk verning. Dessutan tilfører feitt fleirumetta feittsyrer (PUFA), som er essensielle næringsstoff.
Essensielle feittsyrer har, som andre essensielle næringsstoff, ei rekke biologiske oppgåver, og spelar ei svært viktig rolle i fleire vev og organ. Derfor er det heller ikkje overraskande at Omega-3 er er viktig i mange biologiske system, som immunforsvar, blodplater, glatte muskelceller, endotelceller, leverceller, feittvevceller med andre i nervesystemet, og vekstregulering av fleire typar celler. Likeeins spelar Omega-3 feittsyrer ei svært viktig rolle i cellemembranar.
Forskning viser at mangel på Omega-3 kan auke risikoen for utvikling av ei rekke sjukdomar: hjerte- / karsjukdomar, hypertensjon, leddgikt, diverse nervelidingar med meir.
Ulike feittstoff er byggesteinar i alle cellemembranar, verkar som forstadium til vitamin D, gallesyre, viktige signalmolekyl, veksthormon og kortisol.
Kroppen kan sjølv lage dei fleste av dei feittstoffa som den treng, men nokre feittsyrer må tilførast via kosten. Desse feittsyrene er dei essensielle feittsyrene, og finnast i to grupper:
Omega-3 feittsyre (n-3 feittsyre), som har ei av dobbelbindingane knytt til karbonatom nummer 3 frå metyl-enden, og Omega-6 feittsyre (n-6 feittsyre) med dobbelbinding knytt til karbonatom nummer 6 frå metyl-enden. Desse essensielle feittsyrene vert omdanna til lengre og meir umetta feittsyrer. Det er feittsyrene med dei lengste karbonkjedene som er mest verksame i kroppen, det vil seie arakidonsyre (AA) frå Omega-6 familien, og eikosapentaensyre (EPA) og dokosaheksaensyre (DHA) frå Omega-3 familien.
I plantefeitt finn ein mest av Omega-6 feittsyrer, der linolsyre er den mest dominerande.
Alfa-linolensyre finst i einskilde oljar som for eksempel i soyaolje, men då i svært mykje mindre mengder enn Omega-6 feittsyrene.
Alfa-linolensyre vert danna i fytoplankton i havet. Desse kan lage Omega-3 feittsyrer med lange og svært umetta karbonkjeder. Feittsyrene vert ført vidare i næringskjeda i havet, og difor inneheld fisk og andre sjødyr mykje av dei langkjeda fleirumetta Omega-3 feittsyrene EPA og DHA.
Det er konkurranse mellom Omega-3 feittsyrer og Omega-6 feittsyrer både ved forlenging, avmetting og inkorporering i cellemembranane. Det er difor svært viktig å ha ei rett balanse mellom desse to feittsyre- familiane, særleg under vekst.
For å få eit optimalt kosthald må der vere ei balanse mellom inntak av Omega-6 og Omega-3.
Truleg er den otimale ratio 4-6 : 1, i motsetning til det vi ser i dag, nemleg ein ratio nærmare 20 : 1. Dette betyr at ein må reduser inntaket av Omega-6 feittsyrer og auke bruken av Omega-3 feittsyrer, feittsyrer vi altså berre kan få frå fiskeolje.
Tradisjonelt inneheld maten vår store nok mengder lipid (feittstoff). Av fleirumetta feittsyrer er Omega-6 den som vi brukar mest, mens Omega-3 i stor grad har vorte ignorert.
Innhaldet av essensielle feittsyrer (EFA) i kosten kan ikkje baserast på at ein har den eine eller andre typen feittsyre, men at der er ei balanse mellom Omega 3 og Omega 6.
Ubalansen mellom inntak av Omega-6 og Omega-3 fører m.a. til auka risiko for cancer, kjerte/kar sjukdom, autoimmune sjukdomar som leddgikt, diabetes, allergi og astma (sjå Tabell 1).
Dei mest potente betennelsesdempande mediatorar er stoff omdanna frå Omega 3. Tilskot av Omega 3 i kosten kan difor vere svært bra for å hindre ei rekke sjukdomsprosessar.
Alle Omega 3 produkt er ikkje like.
Menneske og dyr kan ikkje sjølv produsere essensielle feittsyrer (EFA). Desse må tilførast gjennom kosten. Ei av desse essensielle feittsyrene frå omega 3 familien er alfa linolensyre (ALA). Denne kan hjelpe organismen å danne andre sortar feittsyrer av omega 3 familien (EPA og DHA), men prosessen er langsam og svært avgrensa. Dersom vi tilfører dyr omega 3 frå linfrøolje, vert berre 3-4% omdanna til EPA og DHA. Omega 3 frå fiskeolje derimot inneheld høge konsentrasjonar EPA og DHA som kroppen kan nytte direkte.
Ver også sikker på at den Omega-3 oljen du brukar er optimalt reinsa. Oljar som ikkje er godt nok reinsa kan innehalde skadelige miljøgifter, som aukar risikoen for sjukdom på lang sikt. For å være sikker på at den oljen du brukar er fri for skadelige miljøgifter, må du sjå etter at oljen har gått gjennom ei fullstendig reinsing.
Vår olje har gått gjennom følgjande prosessar:
- molekylærdestillering
- filtrering
- tilsetting av stabilisator i form av antioksydant (tokoferoler= Vit. E)
- tilsett aromastoff som gir ein behageleg og frisk smak.
|