Om OmegaNor 1515
OmegaNor 1515 fiskeolje er produsert av ansjos fiska i dei kalde og reine havområda i Antarktis, med høge konsentrasjonar av Omega-3.
Vår målsetning er å tilby olje av beste kvalitet.
OmegaNor 1515 har difor gjennomgått omfattande renseprosessar inkludert molekylærdestillering, for å fjerne eventuelle miljøgifter.
OmegaNor 1515 er tilsett smak av sitron og appelsin, som gir ein svært mild, behageleg og tolerant smak for barn og vaksne.
Kvifor velge OmegaNor 1515?
Fordi Omega-3 1515 TG har ei balansert mengde EPA og DHA.
EPA og DHA har forskjellige eigenskapar, og ved å sette desse saman i like forhold, får vi eit produkt som er spesielt gunstig for gravide, barn og eldre.
DHA er den dominerande feittsyra i hjernebarken og i synsnervane.
Oppbygginga av hjernen startar tidleg i svangerskapet. Fosteret vil ta DHA frå mor sine reservar, og det er difor viktig at mor får påfyll for at reservane ikkje skal gå tome.
Lave nivå av DHA hos kvinner etter fødsel kan føre til at ein lettare får svangerskapsdepresjon.
Barn under vekst har stort behov for DHA, og den er nødvendig for optimal vekst og utvikling av hjerne og nervesystem.
Studiar har vist at høge konsentrasjonar av DHA hos barn gir høgare IQ, betrar lære- og konsentrasjonsevne.
Etter som vi vert eldre er det også viktig at vi får tilført nok DHA, slik at hjernen og nervane får sin "daglege dose".
Synsnerven må ha tilstrekkeleg tilførsel av DHA for å fungere optimalt og for å unngå nedbryting av synsnerven og grøn stær.
EPA har ein gunstig verknad på dei fleste feittypar i blodet. Det har ei gunstig innverknad både på den "gode" kolesterolen og den "dårlige" kolesterolen, og ikkje minst på triglyserid.
Det skjer også ei omdanning av EPA til DHA og vise versa, men omdanninga frå EPA til DHA går seinare. Difor må vi i periodar av livet, når behovet for DHA er størst, sikre oss ved å tilføre ekstra DHA, for eksempel ved å bruke OmegaNor 1515.
Studiar viser at ein god diett med rikeleg Omega-3 under svangerskapet har ein positiv verknad på helsa til barnet, også etter at det har nådd vaksen alder. OmegaNor 1515 inneheld større mengder DHA enn det som er standard i andre Omega-3 produkt med tanke på:
- gunstig effekt på hjerne/nervesystem
- gunstig effekt på synsnerve/auge
- stabiliserande effekt på hjertenerven
Samtidig vil OmegaNor 1515 ha ei svært god effekt på andre organsystem i kroppen vår som hud, ledd, hjarte og psyke.
Kanskje bør også du bruke den?
Hugs: Di helse - ditt ansvar!
|