logo
Menneske, del 1     
Designelement
Bestill Framside Introduksjon Om oss Om OmegaNor 1515 Omega-3 - Generell informasjon Samanlikning av Omega-3 produkt Tilstander Omega-3 versus
Omega-6
Produktinfo Krav til
Omega-3
Referanser
Designelement

Designelement
OmegaNor
Postboks 17
6001 Ålesund

post@omeganor.no
www.omeganor.no

Fax: 70 10 43 53
Tlf: 70 10 76 21
Designelement
Designelement

OmegaNor sin effekt på:
· Hjertesjukdomar
· Nyresjukdomar
· Lungesjukdomar
· Hud
· Overvekt
· Beinskjørheit
· Immunapparatet
· Hjerne/nervesystem
· Augesjukdomar
· Svangerskap og Omega-3

Omega 3 og ledd

Omega-3 har ein sterk betennelsesreduserande effekt i motsetning til Omega-6, som aukar tendensen til betennelse i kroppen. Dette er truleg grunnen til at fleire studiar viser at å bruke tilstrekkeleg Omega-3 feittsyrer i kosten, særleg EPA og DHA, er svært bra for bruskslitasje og leddbetennelse. Dette gir mindre stive og smertefulle ledd, og er svært bra for mellom anna leddgikt og andre former for revmatisme. Bruk av Omega-3 reduserer behovet for betennelsesdempande medikament, og dermed dei negative biverknadane desse medikamenta har.

Hjertesjukdomar

Forskarar har synt at den positive effekten på hjertet av Omega-3 feittsyrer er eit resultat av endra kolesterolsamansetting, nedsett plateadhesjon og blodtrykksenkande verknad. Det er og vist ein klar samanheng mellom kosthald og høgt blodtrykk. Det er vist at kosttilskot med Omega-3 fører til utskifting av aktive vasoreaktive mediatorar frå AA, med mindre aktive mediatorar frå EPA og DHA, som gir lågare blodtrykk. Det er dokumentert at Omega-3 reduserer risikoen for å døy plutseleg med ca 45% (Gissi-studien)

Til toppen

Nyresjukdomar

I studiar på dårleg fungerande nyrer, fann ein at Omega-3 tilskot hadde positiv effekt på kolesterol i blodet, protein i urin og betra nyrefunksjon. Hos pasientar med kronisk nyresjukdom sekundært til høgt blodtrykk, er det vist at Omega-3 er bra for høgt blodtrykk. Det er og vist at Omega-3 er bra for betennelsar ved autoimmun nyresjukdom, som er den mest vanlege nyresjukdomen. Effekten av Omega-3 synest å vere avhengig av om det er inflammatoriske (betennelse) eller vaskulære mekanismar som er årsaka til sjukdomen.

Til toppen

Lungesjukdomar

Mediatorar frigitt ved ein betennelsestilstand er den viktigaste faktor for endringar i lungevevet ved lungesjukdomar. Studiar viser at stimulering av spesielle celler som omgir luftvegane, for eksempel ved betennelse, påverkar permeabiliteten i lungevevet. Når permeabiliteten aukar, når andre typar mediatorar lettare inn til betennelsesceller djupare i lungevevet og stimulerer desse. Dette gir m.a. auka slimproduksjon. Når prosessen utviklar seg vert luftvegane meir og meir "plugga" av slim, og tilslutt kan lungevegane kollapsar av den grunn. Omega-3 set ned produksjon av AA - metabolittar, som aukar betennelsestendensen. Desse vert erstatta av mindre aktive betennelse -metabolittar frå Omega- 3 (EPA).

Til toppen

Hud

OmegaNor – gir friskare hud.
Solstrålar påverkar huda på fleire måtar, og fører til solforbrenning, snøggare aldringsprosess, og auka fare for hudkreft. Enkelte hevdar faktisk at solskader på huda står for 70 til 80 prosent av auka aldringsprosess.
Mekanismane for desse skadane er komplekse og ikkje fullt ut forstått, men det er i fleire studiar vist at Omega-3 spelasr ei viktig rolle for å verne huda mot desse skadane.

Råd: Reduser solinga midt på dagen. Bruk sololje mot UVB og UVA. Bruk 1 barneskei (10ml) OmegaNor dagleg.
Det er det same som 4,5 kapslar á 1000mg vanleg omega-3 = 16 kapslar selolje á 500mg.

Til toppen

Overvekt

Slank deg med OmegaNor!
Data viser at Omega-3 rik på DHA aukar nedbrytinga av feitt ved å aktivere dei gen som verkar feittnedbrytande. Omega-3 reduserer også talet på feittceller. I tillegg har Omega-3 ein gunstig verknad på insulinresistensen hos overvektige. Det vil seie at bukspyttkjertelen hos overvektige produserar meir insulin for å halde blodsukkeret normalt. Til meir insulin vi har i blodet, til vansklegare er det å gå ned i vekt. Korleis vite om vi har insulinresistens? Er livvidda di større enn 100 cm er sjansane for insulinresistens stor.

Vektreduksjon bør skje ved:

  • mindre kaloriar
  • mindre metta feitt og planteoljar (Omega-6)
  • mindre karbohydrat
  • meir grønsaker
  • meir mosjon
  • meir fleirumetta feittsyrer i form av Omega-3, som er rik på DHA
OmegaNor er rik på DHA og hjelper deg å gå ned i vekt.

Til toppen

Beinskjørheit

Ikkje noko land i verden har meir beinsjørheit enn Noreg. Fleire studiar tyder på at eit overforbruk av Vitamin A er ei medverkande årsak til denne sjukdomen.
Ei rekke studiar har vist at Omega-3 er svært viktig for å ta vare på og auke beinstyrke og beintettleik.

Bruk difor OmegaNor, gunstig for beina i kroppen din.

Tilrådd dose: 1 barneskei (10ml) dagleg.

Til toppen

Immunapparatet

I løpet av dei siste åra har kunnskapen om kosthaldet sin innverknad på immunforsvaret auka. Det er i fleire studiar vist at inntak at Omega-3 fleirumetta feittsyrer er bra for immunapparatet. Den anti-inflammatoriske effekten til desse feittsyrene verkar mellom anna ved at dei vert inkorporert i fosfolipidmembranar i cellene. Signalmolekyl som vert danna av Omega-3 feittsyrer verkar dempande på betennelsesprosessen i vev. På grunn av verknaden på ulike inflammatoriske og imuncelleaktiverings-prosessar, vil Omega-3 feittsyrer gi positiv effekt på fleire ulike nivå i betennelsesprosessen, både når det gjeld manglar i immunforsvaret og ved sjukdomar av hyperinflammatorisk karakter. Den gunstige effekten på betennelse er dokumentert i mange studiar, og det er vist at Omega-3 m.a. bra for smerte og stivleik ved leddgikt, gunstig ved atopisk eksem, og ei rekke andre autoimmune sjukdomar.

Til toppen

Hjerne/nervesystem

DHA frå Omega-3 er den viktigaste feittsyra i hjernen, og optimal utvikling av hjerne/nervesystem under vekst er avhengig av tilstrekkeleg mengder Omega-3 i kosten. Det er i fleire studiar vist at intelligensen hos barn som har fått Omega-3 gjennom heile livet er høgare enn hos dei som ikkje har fått nok Omega-3. Omega-3 er også vist å vere bra for forskjellige psykiske sjukdomar, m.a. depresjon og schizofreni. Også påverknaden på hjernen pga stress vert redusert ved tilstrekkeleg inntak av Omega-3. Forsking kan tyde på at forskjellen på EPA- og DHA -feitsyrer er at DHA er viktigast for utviklinga av hjernen fram til toårsalderen, og at EPA er mest gunstig ved mentale sjukdomar som depresjon, ADHD og konsentrasjonsvanskar.

Til toppen

Augesjukdomar

Det er dokumentert at Omega-3 vernar synsnerven mot degenerative prosessar, og at risikoen for å utvikle aldersrelatert macula degenerasjon er sterkt redusert ved regelmessig bruk av Omega-3. Alders relatert maculadegenerasjon er den vanlegaste årsaka til tap av syn hos eldre. Omega-3 redusere trykket i auget, og kan vere bra for å hindre glaucom (grøn stær) Tørre auger er ei vanleg plage hos kvinner. Omega-3 er dokumentert å vere bra for desse plagene.

Til toppen

Svangerskap og Omega-3

DHA og AA er dei fleirumetta feittsyrene det finst mest av i cellemembranane i hjernen sin grå substans og i retina i auget. Feittsyresamansettinga er viktig for celle-menbranane sin struktur og funksjon. Det er truleg mengda av DHA i desse membranane som er bestemmande for optimal funksjon i hjernecellene.

DHA og AA vert bygd inn i vevet med størst snøggleik i siste tredjedel av svangerskapet og fram til 2-års alder. Hjernen si vekt aukar 4 gongar i løpet av dei siste 4 månadane i svangerskapet, og konsentrasjonen av DHA og AA aukar 1-5 gongar uttrykt per gram hjernevekt. Etter fødselen er det ei tilnærma dobling av hjernen si vekt fram til 12 vekers alder. I denne perioden aukar det totale innhaldet av omega-3 feittsyrer tre gongar.

I fosterstadiet får barnet ferdig danna DHA og AA frå mora via morkaka. Mora sin status er avhengig av kosthaldet hennar før og under svangerskapet. Etter fødselen må desse feittsyrene tilførast via kosten, dvs. via morsmjølk så lenge barnet ammar. Også når mor ammar er kosthaldet hennar avgjerande for at barnet får nok DHA og AA.

Det er vist at hos ammande barn er nivået av DHA og AA i hjernebarken høgare enn hos barn som får morsmjølktillegg utan DHA.

DHA vert sett på som eit essensielt næringsstoff for optimal utvikling av nervesystem og synsfunksjon.

DHA si rolle for optimal utvikling av hjernen er vist ved fleire studiar av utvikling hos for tidleg fødde born, der dei som vart brysternært skåra høgare på IQ-test i 8 års alder enn barn som har fått morsmjølkerstatning utan DHA.

Eit svangerskap tærer på mor sine lager av essensielle feittsyrer, og det er mykje som tyder på at den som planlegg svangerskap bør bygge opp reservar av essensielle feittsyrer før dei startar på eit svangerskap, for å sikre ein optimal start for fosteret.



    
Designelement Oljen er produsert og distribuert av OmegaNor AS, Postboks 17, 6001 Ålesund
Menneske, del 2 Menneske, del 3
Oversikt over utsalgssteder. Klikk for info.
Designelement
Design by Knutsen Info